Einedalen skule med “Den store kongen”

av Trygve Bjerkrem med musikk av Mons Leidvin Takle. Julespelet vart gitt ut på notar og LP i 1974. Sidan har julespelet vore framført av mange skular. Dette julespelet har gitt mange elevar ei god innføring i juleevangeliet.

19. desember framført dei 190 elevane ved Einedalen skule dette flotte julespelet. Sølvi Nærem Berg var dirigent , saman med musikarar frå Herøy Kulturskule.
BygderadioVest fekk gjort opptak av kor og solo-songane. Tekstane mellom songane vart lest av elevar, men der vart lydkvaliteten for dårleg så vart klipt bort under redigering.

Torsdag 27. kl 16 og kl 20 og fredag 28 kl 11.10 kan du høyre opptaket av songane i julespelet «Den store kongen»