Gjerdsvika: [verdens vakraste vik]

skriv  gjerdsvikfolket, på si eiga informasjonsside.
Vi i BygderadioVest vil på fredagskvelden 12. nov. prøve å finne ut kvifor gjerdsvikarane er så fornøgde med bygda si. Vi skal snakke med folk som er engasjerte i nærings-aktivitet, bedrifter og frivillig arbeid.
Vi får med oss i studio nokre av dei mange som vi har snakka med siste veka. Alle som vi har  kontakta, både innfødde og til-flyttarar, er samde om at Gjerdsvika er den beste plass å bu.
Men det har ikkje vore lett å overtale folk til å møte i studio, og nokre finn vi på telefon. Kanskje vil du vere med i konkurranse eller spørsmål til programmet. Ring 70088500.’