Sigrid Tønnesen og Sindre Løvik med program BrVest


Sigrid Tønnesen og Sindre Løvik har ofte vorte brukte til å underhalde i
ulike samanhengar. Begge to har ei god songstemme, – og dei akkompangnerer seg sjølve på gitar.
No får dei også sitt eige program på Bygderadio Vest.
Fyrste programmet kjem f.k. onsdag 23.mars kl 19.00, Dei vil då synge, spele,
fortelle og lese dikt i studio. Alt vil skje på direkten, og dei vil såleis ikkje bruke ferdig innspelte innslag.
Programmet vil gå som reprise på laurdag.