Programomtale:

Ungdomane vil miljøvern  (7. og 8. juni)
For ei tid sidan fekk 7 klassingane ved Bergsøy skule møte administrasjonen i Herøy kommune for å forslå tiltak innan miljøven. Dei har no fått positiv tilbakemelding frå kommunalsjef Jan Martin Møller på to av sine forslag.. Du skal få høyre korleis desse ungdomane argumenter, slå på fredag.

Kveldsmesse med Hilde Frafjord Johnson (7. og 8. juni)
Frafjord Johnson er vel kanskje ein av våre mest kjende internasjonale kvinner, som har vore ein sentral leiar for ein FN styrke på fleire tusen mann og vart ståande midt midt i den blodige borgarkrigen i SørSudan. Kva tenkjer ein person som står i ei slik utfordring ville Kjetil Hånes vite, som intervjuar henne i kveldsmesse i Herøy no i mai. Vil du vite så lytt på BrVest torsdag og fredag

Klassisk konfirmantkonsert  (7. /8. og 14,/15,juni)
Tone Merethe Notøy fekk arrangert ein klassisk strykekonsert i Herøy, i samband med at ho til konfirmasjonen fekk besøk av svært habile musikarar. Konserten var på 80 minutt og vert sendt på torsdag og fredag i denne og neste veke.

 

 

24-25 april
«Den pensjonerte» skipsreiaren

Per Sævik kviler ikkje på laurbæra. Etter at sonen Njål tok over supplyrederiet skulle ein tru at Per kunne tenkje litt meir på fritid, men slike er det ikkje. Vi i BygderadioVest har prøvd å få han til vårt lokale studio men det har vore vanskeleg, no etter at han har starta  «Havila Kystruten». Vil du høyre kva karen driv på med så slå på tysdag 24.4 og onsdag 25.
Dette programmet var annonsert for sending 17 og 18. På grunn av ein feil kom det ikkje på lufta.

26-27.april
“Drikk tran, et grovt brød og drikk vatn det er sunt” seier Kari Brandal
Ulstein kommune har, som den første kommunen i vårt område, fått tilsett ernærings-fysiolog ved helsestasjonen. Kari Brandal skal i ei 30% stilling prøve å motivere vaksne i barnehage, skule og heimane til å vere meir bevist på kva barn og ungdom et, for å unngå både overvekt og spiseforstyrring.

26/4-27
Samemisjonen 130 år
Er dette nødvendig kan du spørje, mange av samane er meir «truande», med si Læstadianske lære, enn mange andre nordmenn. Ja dette er indremisjonsarbeid på vidda svarar dei som arbeider for Samemisjonen i Norge og Russland. Det er 130 år sidan dette indremisjonarbeidet vart starta og vart markert med samling fleire stadar på Sunnmøre.