Framheva innlegg

Frivillig Lyttaravgift

Har du lyst å støtte arbeidet til Bygderadio Vest.
Vipps oss beløpet som du ønskjer å gi. Det er berre å scanne QR coda og velge
beløpet som du ønskjer å gi.

Aksjer i Bygderadio Vest

Vi har nokre aksjar i Bygderadio Vest til salgs
Kvar aksje kostar Kr. 250,00
Du kan vippse  oss beløpet som ønsker å kjøpe aksjar for ved å scanne vedlagte QR kode.
PS! Send oss i tillegg namn og adresse og telefonnr. pr e-post
Slik ar vi kan registrere deg som aksjeigar.

Opptak frå støttekonserten for Suel Kassembo

I Ulstein kyrkje vart det arrangert støttekonsert mot UDI sitt utkastingsvedtk for denne godt integrerte flyktningen.
Alle i lokalsamfunna på Ytre Søre som har møtt denne flotte ungdomen meiner at det er uforståeleg at han skal utvisast for ei feil opplysning gjort tidelg på 2000-talet. Suel har vore i noreg sidan 2004 og har har gjort frivillig innsats  både i Ulstein og på Runde miljøsenter.
I konserten deltok mange som gjerne vil støtte rettssaka som  kome- Der deltok Lizz frå Kvamsøy Maria Parr og Ulsteinmusikarar, m.fl.
Programmet er lett redigert i samråd med Suel som vonar at det kan bli så mykje innsamla at han kan betale ein god advokat..
Programmet går i BrVest torsdag 2.nov på kvelden og fredag på dagtid.
Programmet er det i to Del 1 på torsdag 2. nov kl18. Fre.3.kl 19 og sønd 5. kl 18
Del 2 kjem veka etter  til same tid
PaS.

Honnør Konsert for Nobelprisvinnarane

Honnør Konsert for Nobelprisvinnarane
I september vart det arrangert Honnør-Konsert for dei to medisinske Nobelprisvinnerne – MayBritt og Edvard Moser på Sjøborg i Ulsteinvik.
Salen, i Sjøborg, var på det næraste fullsette.
Dei som var frammøtte såg også eit av dei store kora,  med Svein Eiksund som dirigent. BygderadioVest var til stades på arrangementet og gjorde opptak.  Fleire  har spurt oss om når dei kan få høyre opptak frå kvelden.
Tysdag 31.okt. kl18, torsd. kl 19 og fred.kl 15  sender vi eit redigert opptak av samtalane mellom May Britt og Edvard, og  Gunder Runde med Svein Eiksund som samtaleleiar.  og eit par av songane til koret.

PaS

Fredagskveldssending Fosnavåg

Demens ei utfordring for mange
Fredag 20 oktober er Demens tema i kveld sendinga på BygderadioVest..
I programmet møter de inviterte: Nils Jarle Sætre, Camilla Grimstad Hagen, Unni Kvamme og Camilla Storøy med  programleiar  Paul Sundnes.
Dei vil samtale om denne utfordringar i vårt samfunn, og kva som kan og bør gjerast.. Det vert informert  om kor og andre  aktivitetar for demente på Søre. Vi har fått nokre kontakter,  men vonar at  folk vil ringe inn og seie si meining  om støtte og hjelp til demente og demensfamiliar.Nils Jarle Sætre har samla inn over 1 mill kr til : May Brit og og Edvard Mozer sitt forskningsarbeid ved, Kavliinstituttet og han vil halde fram med å gå lange turar for å sette fokus på denne sjukdomen, og samle kapital til vidare  forsking på sjukdomen,   som det enno ikkje finst medisin for.

Sætre fortel ærleg om problemet med psykisk sjukdom og demens i nær familie. Dette temaet “må vi snakke om” seier han, det er så viktig at han på  sein kveldstid kjem ut til Fosnavåg for å vere med i studio.
PaS

På kystcruise med Havila Capella

I månadsskiftet mai-juni var eg og kona på ein rundtur Torvika – Kirkenes t/r med Havila Capella.

På turen hadde eg med opptaksutstyr og snakka med ulike personar, både mannskap og medpassasjerar. Vi opplevde mellom anna 17.mai-feiring i Finnsnes og traff Herøyværing som har budd i Finnmark i meir enn 60år.

Eg har prøvd å vise kva ein kan oppleve på ein slik rundtur, og korleis vi opplevde å vere passasjer med Havila Kystruten. Eg har tidlegare vore med Hurtigruten nordover og med fly tilbake frå Kirkenes, men ein rundtur gav verkeleg meirsmak.

Programma som er på 40-50 minutt med musikk og samtalar vert sett opp på torsdagar med reprise på fredag. Sjå programplan i di lokalavis

PaS

Mannen, havet og tunellen- Jan Helgøy

For mange år sidan laga BrVest eit programmet med Jan Helgøy, gartnaren som vart ordførar i Vanylven, og ein ivrig talsmann for Stad skipstunnel.
Mange var det som synest det var ein god ide, som frå tidleg 1990 har det vorte planlagt, med utgreiingar og  kontrollar alle slag for til slutt å stoppe i byråkratiet. Gong etter gong har ein  rekna med at no er det  nok planlegging. Like ofte har desse planane  blitt stoppa med nye utgreingar, og nye kontrollar. Kva var tankane til Vanylvsordøraren.  Høyr dette programmet frå “gamle dagar”

Road Radio med Åge og Øystein

Åge Grimstad og Øystein Hov har hatt ein køyretur på Søre Sunmøre. Dei har kosa seg på turen, mimra kring natur og musikk. Høyr programmet på BygderadioVest si kveldsendingatid  på fredag 22. med repriser. sjå programplan