Fredagskveldssending Fosnavåg

Demens ei utfordring for mange
Fredag 20 oktober er Demens tema i kveld sendinga på BygderadioVest..
I programmet møter de inviterte: Nils Jarle Sætre, Camilla Grimstad Hagen, Unni Kvamme og Camilla Storøy med  programleiar  Paul Sundnes.
Dei vil samtale om denne utfordringar i vårt samfunn, og kva som kan og bør gjerast.. Det vert informert  om kor og andre  aktivitetar for demente på Søre. Vi har fått nokre kontakter,  men vonar at  folk vil ringe inn og seie si meining  om støtte og hjelp til demente og demensfamiliar.Nils Jarle Sætre har samla inn over 1 mill kr til : May Brit og og Edvard Mozer sitt forskningsarbeid ved, Kavliinstituttet og han vil halde fram med å gå lange turar for å sette fokus på denne sjukdomen, og samle kapital til vidare  forsking på sjukdomen,   som det enno ikkje finst medisin for.

Sætre fortel ærleg om problemet med psykisk sjukdom og demens i nær familie. Dette temaet “må vi snakke om” seier han, det er så viktig at han på  sein kveldstid kjem ut til Fosnavåg for å vere med i studio.
PaS