«På Besøk» Nytt program i Bygderadio Vest.
Onsdagar kl 12, med reprise fredagar kl 12 , (rett etter «Nytt frå Hi Volda»), møter du to som etter mange 10-år på Søre, framleis føler at dei er «På besøk»
Med underfundige blikk og gode replikkar, seg i mellom, prøvar Ira og Jørn å sette ord på kva dei har erfart, og kva som er morosamt/merkeleleg med fiskarmiljøet i Fosnavåg, sett med inn-landsfolk si erfaring, fritt for politikk og religiøse spekulasjonar.
Steikt sild, ball, kams og andre lokale matrettar vert vurderte, blanda med god musikk for vaksne. Dette er framsnakking av eit miljø som dei har kome inn i og funne seg til rette. Etter kvart vil dei også invitere med seg gjestar i studio.
Mange har kalla desse programma, som til no har vorte sendt, «for god underhaldning» og vil vite kvifor desse programma berre går på dagtid, då folk flest er på arbeid. Vi vil etter kvart prøve å få gjort ei endring på dette, med reprise på kvelden.
For BrVest PaS

Gjeldande Lykketal frå 28. juli 2025
2025-03-20 BrV – Aksjar – Info til interesserte
FRIVILLIG LYTTAR AVGIFT
Har du lyst å støtte arbeidet til Bygderadio Vest.
Vipps oss beløpet som du ønskjer å gi.
Det er berre å scanne QR coda og velge beløpet som du ønskjer å gi.


Views: 409





I Ulstein kyrkje vart det arrangert støttekonsert mot UDI sitt utkastingsvedtk for denne godt integrerte flyktningen.
Honnør Konsert for Nobelprisvinnarane
