Nye program

SENDARPROBLEM
På grunn av en sendarfeil på Nerlandshornet har vi begrensa signal på vårt FM nett.
Det blir likevel RadioBingo Mandag 01.april kl. 19:30
Sendingane våre kan du finne på vår nettradio på heimesida vår.
Eller på Radioplayer.no
På DAB kan du høyre sendinga på HIVOLDA.
——————————–
Den blinde musikanten.Matias Ordheim liv og virke
Pensjonert sogneprest i Ørsta ,Matias Austreim,  fortalde i januar under ei samling i Jossybuda -Austefjorden,  om den blinde musikanten frå Stårheim. Korleis han miste synet og korleis Ordheim nytta dette i forkynning.
Alle som er i 60-åra eller eldre hugar nok  den blinde mannen, som reiste rundt på bedehusa og imponerte, særleg  ungane med å spele på glas og skeier.
Sjå programplan
Kulturkveld på Runde med Grimstadkoret  og Runde Blandakoret
21. mars inviterte Runde Blandakor til “Syng med oss”. Bedehuset på Runde var fullt , som vanleg, då klokka bikka 19.
Runde Bedehus er eit perfekt lokale for song, med sin fine klang. For ein som vil gjere opptak er lokalet heilt perfekt når der er folk i salen. Ved allsang er dette ein flott konsertsal. BygderadioVest gjorde opptak og etter ei lett redigering skal de no kunne få eit godt inntrykk av korleis ein kulturkveld kan vere. Kaja Runde og Olav Tjervåg batt saman kvelden på ein lett og ledig måte. Programmet på 1 og 1/2 time vert sendt i påske og i reprise i veka etter.
Sjå programplan
Påska i ord og tonar
Forteljar Guri Aasen laga,  før påske i 2024, eit forteljarprogram i Herøy kyrkje. Der framførte ho legender om naturen og påska som vart krydra med musikk. Dette vert ei litt anna påskeforteljing frå norsk kulturen.
Kyrkjebyggar Marit 2002
I 2002 inviterte Ole Arild Bøe kirkeverge Marit Sævik Leinebø til studio, for å fortelje korleis det gjekk med  arbeidet med  bygging av ny kyrkje etter den som brann ned til grunnen 1. juledag 1999.
Dette programmet gjekk på direkte i 2002 , men har ikkje sidan blitt spelt. Ved rydding kom dette historiske programmet fram og vert no send i veka etter påske. Sjå programplan
PaS

 

 

Øyvind og Åge er tilbake med eige program på BygderadioVest