Kategoriarkiv: Volda veterankorps

Nytt program august 2023 – sjp programplan

På kystcruise med Havila Capella

I månadsskiftet mai-juni var eg og kona på ein rundtur Torvika – Kirkenes t/r med Havila Capella.

På turen hadde eg med opptaksutstyr og snakka med ulike personar, både mannskap og medpassasjerar. Vi opplevde mellom anna 17.mai-feiring i Finnsnes og traff Herøyværing som har budd i Finnmark i meir enn 60år.

Eg har prøvd å vise kva ein kan oppleve på ein slik rundtur, og korleis vi opplevde å vere passasjer med Havila Kystruten. Eg har tidlegare vore med Hurtigruten nordover og med fly tilbake frå Kirkenes, men ein rundtur gav verkeleg meirsmak.

Programma som er på 40-50 minutt med musikk og samtalar vert sett opp på torsdagar med reprise på fredag. Sjå programplan i di lokalavis

PaS

PRISENDRING BINGOBONGAR

PRIS ENDRING:
Då våre prisar på bingobongar har vore uendra i ca. 10 år
må vi no korrigere prisane våre.
Dei nye prisane vil gjelde frå speleomgangen Mandag 07.08.2023

Rød               Rosa                 Oransje         Lilla                  Grøn                 Turkis                   Blå

 

Duoen frå Ø til Å er tilbake fredag 3. mars

Har du nokon gong høyrt på «Frå Ø til Å» på Bygderadioen? Viss ikkje har du gått glipp av noko! Dette radioprogrammet er ei herleg blanding av morsomme historier, flotte gjester og fantastisk musikk frå eit valgt årstal.
Programleiarane, Øyvind Hov og Åge Grimstad, er av dei artigaste du vil finne på eteren. Dei har ei unik evne til å få folk til å flire og le, med sine vittigheiter og humoristiske kommentarar. Du vil garantert kjenne deg i godt humør etter å ha høyrt dei.
Gjestane som dukkar opp på programmet er også interessante og underhaldande. Du kan forvente å høyre frå lokale kunstnarar, idrettsstjerner, forfattarar og til og med nokre kjendisar som har tilbrakt litt tid på Søre Sunnmøre.
Du kan gle deg over god musikk og høyre deg sjølv nynne med på songane

Slå på radioen fredag 3. mars klokka 22.00.

FM-sendingar på Søre

Problem med straum på Nerlandshornet etter lynnedslag.
Fredag 17 februar fekk på nytt lyd i FM-Netter, med hjelp av tilsynsmannen og ein elektrikkar. Dei fekk då reparert skadane etter lynnedslag 8. feb. og på nytt natt til 16. februar.
Etter nær 30 år på denne stasjonene har sendingane våre blitt stoppa berre 3 gongar. TAKK til Forsvaret og spreke fjellfolk

GODT NYTT BINGOÅR

Måndag 2. januar vert det radiobingo – Tradisjonen tru

Ein av våre spelarar, i Ytre Herøy, fekk seg ei ekstra julegåve: på 35.000 kr
Ho vann superpotten på siste trekninga i 2022 GRATULERER

Nytt fredagskveldlag på BygderadioVest


Nytt fredagskveldlag på BygderadioVest
Den første fredagen i desember vil Øyvind Hov og Åge Grimstad stå for kveldssendinga på Bygderadioen Vest, frå kl 22-rundt midnatt

Dei kallar seg “Frå Ø til Å”, og vil ta for seg skjemt, alvor og musikk for forskjellige årstal. Denne gongen året 1991. Det året flytta Øyvind frå Løkta på Helgelandskysten til Sunnmøre. Åge Grimstad er innbarka Ulsteinvikar med mange gode minner frå 1991, då han blant anna var disc-jockey for dei populære søndagsklubbane på Ulstein hotell. Dette blir ein kjekke kveld med sunnmørsk og nordnorsk skråblikk på året då Gitarkameratene herja hitlistene med “Gammal Amazon”, Cher var på alle lepper med “The Shoop shoop song”, Boris blir første valgte president i Russland, ismannen Ötzi vart funnen og naboklubbene Hareid-Hødd møttest i 1. runde av cupen.
Resultatet får dokke vite om dokke slår på radioen førstkomande fredag den 2. desember.
PaS

Problem med FM 106,7 i Vanylven- Sør

Problema på Stad er løyste
Ny antenne på plass

Fleire har ringt oss, og vil vite om vi gjer noko med problemet. Vi takkar  også for negative tilbakemeldingar. Fleire forstår vi har funne oss på internettradio: “www.bygderadiovest.no” Mange manglar slikt utstyr, men vi har ikkje gitt opp FM-nettet i Sør
Etter ei periode med ustabil sending i 2021 har det frå ein gong i november vore heilt stilt. Vi var på plassen og skifta utstyr seint i november, men etter kort tid var problemet det same. Så kom det snø og jula.
Vi er for få, som på dugnad, gjer slikt arbeid. I nær framtid vil vi ta ein ny tur og prøve å skifte antenneutstyret.
Vi har ikkje gitt opp Vanylvsbygdene
PaS