På kystcruise med Havila Capella

I månadsskiftet mai-juni var eg og kona på ein rundtur Torvika – Kirkenes t/r med Havila Capella.

På turen hadde eg med opptaksutstyr og snakka med ulike personar, både mannskap og medpassasjerar. Vi opplevde mellom anna 17.mai-feiring i Finnsnes og traff Herøyværing som har budd i Finnmark i meir enn 60år.

Eg har prøvd å vise kva ein kan oppleve på ein slik rundtur, og korleis vi opplevde å vere passasjer med Havila Kystruten. Eg har tidlegare vore med Hurtigruten nordover og med fly tilbake frå Kirkenes, men ein rundtur gav verkeleg meirsmak.

Programma som er på 40-50 minutt med musikk og samtalar vert sett opp på torsdagar med reprise på fredag. Sjå programplan i di lokalavis

PaS