Kategoriarkiv: Programomtale

Mannen, havet og tunellen- Jan Helgøy

For mange år sidan laga BrVest eit programmet med Jan Helgøy, gartnaren som vart ordførar i Vanylven, og ein ivrig talsmann for Stad skipstunnel.
Mange var det som synest det var ein god ide, som frå tidleg 1990 har det vorte planlagt, med utgreiingar og  kontrollar alle slag for til slutt å stoppe i byråkratiet. Gong etter gong har ein  rekna med at no er det  nok planlegging. Like ofte har desse planane  blitt stoppa med nye utgreingar, og nye kontrollar. Kva var tankane til Vanylvsordøraren.  Høyr dette programmet frå “gamle dagar”

Road Radio med Åge og Øystein

Åge Grimstad og Øystein Hov har hatt ein køyretur på Søre Sunmøre. Dei har kosa seg på turen, mimra kring natur og musikk. Høyr programmet på BygderadioVest si kveldsendingatid  på fredag 22. med repriser. sjå programplan

Volda Veterankorps (nytt program)

Korpsmusikken i Volda har lange tradisjonar. Den starta alt på 1800-talet då som militærmusikk. Mange av dei som gjorde teneste i militærmusikk fekk inspirasjon og skaffa seg eigne instrument. Fleire korpsgrupper vart i Volda starta tidleg på 1900.
Denne musikken slo rot i Volda, og lever framleris i beste velgåande. Volda er derfor kanskje den einaste staden som i dag har eige  veterankorps, med aktive spelarar, som deltek med musikk både i sorg og glede. Dei spelte også 17.mai i år.
Vil du vite meir om desse veteranane, så kan du slå på Bygderadio Vest fredag 25.august kl 22. Der møter du kulturprisvinnar, og dirigent for korpset, Harald Holte saman med aktiv musikant Bjørn Holsvik, i samtale med Paul Sundnes. I programmet får du  gjenhøyr med fleire veteranar som no er borte, frå eit av Harald Holte sine mange opptak frå korpsmiljøet.

Programmet vert sendt i reprise på dagtid veka etter, sjå programplan i lokalavisene. Fredagskveld-sendingane startar 1. september –med Cecilie og Rigmor i studio.
PaS