Volda Veterankorps (nytt program)

Korpsmusikken i Volda har lange tradisjonar. Den starta alt på 1800-talet då som militærmusikk. Mange av dei som gjorde teneste i militærmusikk fekk inspirasjon og skaffa seg eigne instrument. Fleire korpsgrupper vart i Volda starta tidleg på 1900.
Denne musikken slo rot i Volda, og lever framleris i beste velgåande. Volda er derfor kanskje den einaste staden som i dag har eige  veterankorps, med aktive spelarar, som deltek med musikk både i sorg og glede. Dei spelte også 17.mai i år.
Vil du vite meir om desse veteranane, så kan du slå på Bygderadio Vest fredag 25.august kl 22. Der møter du kulturprisvinnar, og dirigent for korpset, Harald Holte saman med aktiv musikant Bjørn Holsvik, i samtale med Paul Sundnes. I programmet får du  gjenhøyr med fleire veteranar som no er borte, frå eit av Harald Holte sine mange opptak frå korpsmiljøet.

Programmet vert sendt i reprise på dagtid veka etter, sjå programplan i lokalavisene. Fredagskveld-sendingane startar 1. september –med Cecilie og Rigmor i studio.
PaS