Programomtale:

Klippfisk produksjon i 40-åra
Guri Aasen gjorde, tidleg på 2000-talet, ein del intervju med folk for sitt prosjekt «Fiskarkona og døtrene hennar». Mellom andre hadde ho eit lengre intervju med Bjarne Eggesbø om fiske tilverking på «FA Knut Igesund». BrVest har fått løyve til å redigere og dele opp dette intervjuet. Eit program har tittelen «Klippfisk produksjon» det andre med tittelen «Kvinnfolkarbeid» programma vert sendt no i påsketider. Sjå programplan 

Irland i mitt hjarte
Kjell Sævik har sagt seg villig til å lage ein serie program, med irsk musikk. Kjell har ei svært stor samling irsk musikk som han har kjøpt inn når han har vore på øya. Første programmet vert sendt før påska nye vert sendt etter kvart. Sjå programplan www.bygderadiovest.no og i lokalavisene.

Sunnmøre kr. Mannskor og Kåre Oksavik
Etter initiativ frå Svein Eiksund og Skrim vart det arrangert ein forteljing og korkonsert i Hareid kyrkje sist i mars. BrVest tok opp konserten og du kan høyre konserten i to delar, no i påsketider. Sjå programplan www.bygderadiovest.no og i lokalavisene.

Svend Trygve Svendsen- «Ein handicapa med pågangsmot»
Vi fekk vår tidlegare teknikar (1990-talet)Svend på besøk  i vårt studio. Då fekk vi svarte på mange spørmål, også dei meir private og nærgåande om oppvekst og kjærleikslivet
Svend fekk sine første leveår i Vanylven, og starta  på Fiskå skule. Der opplevde han både vanskelege og fine år, og gir ros særleg til skulemusikken.
Då familien flytta til Volda vart livet lettare, for guten med dei “rare hendene”.
Etter vidaregåande skule og IT utdanning flytta han til Sri Lanka, for å arbeide på New Life sitt bibeltrykkeri. Der vart han verande lengre enn planlagt.
Etter kvart gift han med ei enke og vart  stefar til 2 jenter, og  seinare far til Elisabeth.
Vil du vite meir om korleis han fann kjærleiken så slå på BrVest tosdag 11. og fredag 12.

Kommunepsykolog Tommas Brandal Myklebust gjest i Herøy kyrkje
Høyr opptak frå kveldsgudstenesta i Herøyr; forettande prest Solfrid Leinebø Seljås, musikk av Terje Tjervåg og Andrine Longva Kopperstad . Olgun Torvanger intervjua Tommas om yrke, tru og tillit. Høyr opptaket på fredag og søndag.
Sjå tider i programplan i di lokalavis.