Gamle programomtale

Den store kongen
av Trygve Bjerkrem med musikk av Mons Leidvin Takle

Julespelet vart gitt ut på notar og LP i 1974. Sidan har julespelet vore framført av mange skular. Dette julespelet har gitt mange elevar ei god innføring i juleevangeliet.
19. desember framført dei 190 elevane ved Einedalen skule dette flotte julespelet. Sølvi Nærem Berg var dirigent , saman med musikarar frå Herøy Kulturskule.
BygderadioVest fekk gjort opptak av kor og solo-songane. Tekstane mellom songane vart lest av elevar, men der vart lydkvaliteten for dårleg så vart klipt bort under redigering.

Torsdag 27. kl 16 og kl 20 og fredag 28 kl 11.10 kan du høyre opptaket av songane i julespelet «Den store kongen»

 4. desember, der Johan Moltu møtte Ottar Sporsheim frå Moltustranda, har vakt tidenes største tal tilbakemeldingar, til lokalradioen sin e-post og Facebookkonto eller direkte til redaktøren. Kravet har vore unisont- reprise
Vi gav opp å halde teljinga då det passerte 10. Dette har redaktøren aldri opplevd før
og er sjølvsagt gledeleg, Vi legg om planen for veke 50. Programmet vert sendt tysdag 11. des.(kl 20) og tysdag 12.des (kl 8 og 13.)

I programmet fortel Ottar Sporsheim ærleg om sine problem i livet. Også om sitt opphaldet på Ekne spesialskule, som han har både gode og dårlege minne frå. Om du slår på BrVest på våre FM-stasjonar på Søre, eller vår internett-radio «BygderadioVest.no», som kan høyrast over heile verda. kan du sjølv vurdere om tittelen på livshistoria hans er rett- Frå nederlag til seier.

Fredag 28. sep.

Kva betyr lokalavisene for regionen Søre Sunnmøre
Dette vert tema for fredagskveld-sendinga i BygderadioVest. Vi får besøk av lokalavisredaktørane som rundt eit bord vil diskutere og debattere lokalavisene betydning for lokalsamfunnet. Vi vil stille spørsmål om lokalavisene fungerer som vaktbikkjer eller referentar. Er lokalavisene aktive pådrivarar for å forme framtida på Søre??
Slå på BygderadioVest fredag kveld kl 22. Har du spørsmål til redaktørane så vil telefonen vere open. Flott musikk og spørjekonkurranse høyrer med.

Daniel Oviedo frå Colombia – ny ungdomsarbeidar i Herøy frikyrkje
Til skulestart 2017 kom den spansktalande ungdomen til Norge, og i mai i år vart han tilsett som ny ungdomsarbeidar i Fosnavåg. Han stilte villig til intervju i BrVest – på norsk- er det mulig kan du spørje. Slå på lokalradioen torsdag og fredag, og høyr sjølv om den virtuose gitar spelaren med ei merkeleg livshistorie,

Gruppa DALSBØ har lanser EP
Ei ny gruppe har starta opp i Volda/Ørsta. Vår nye medarbeidar- Gro Egset- fekk dei med i studio for å presentera sin song og musikk. Høyr dei på fredag 28.09 og onsdag 03.10.

8-9 mars
Brugeneralen Knut
Eiksundsambandet har feira sine første 10 år, til glede for folk på Søre.
Knut Nærø fekk i 2010 kongens fortenestmedalje for innsatsen som initiativtakar og pådrivar. Vil du høyre korleis overrekkinga av medaljen gjekk føre seg så slå på BrVest torsdag og fredag

Eiksundsamklangen
Jubelkonserten i samband med opninga, der 400 songarar frå Stryn til Runde møttest for å juble over det nye sambandet. Det vart konsert både i Volda og i Fosnavåg. BrVest har delt programmet i 2 slå på lokalradioen , sjå programplanen

«Sildefisket før i tida»
Det var tider det – då karar var karar og unggutane vert tekne i skule på sildefelta, men kom heim med pengar i portemoneen. På Losjehuset i Myrvag var det no i februar temakveld over temaet. Dei godt vaksne mimra omkring tidene som var. Vil du vere med så slå på BrVest. Fredag 2. mars.

Moens Mathus 
er så vidt vi kan finne ut den eldste handveksbedrifta i Fosnavåg. Slakteriverksemda starta av Sigurd Moen, som ungdom, i ei sjøbud tidleg i 1930-åra. Vi har fått med oss etterkomarane Robert, Ronald og Britt Unni som vil fortelje om utviklinga fram til den tredje generasjonen som i dag driv Meny Fosnavåg.

Trond Berg samtalegjest i Herøy kyrkje
I oktober var Idrettsmannen, rektoren og personalsjefen Trond Berg samtalegjest i Herøy kyrkje si kveldsgudsteneste. Prest og songar var Svein Løvik frå Volda . Opptak frå denne samtalen kan du høure i BrVest på torsdag og fredag.

Skaparkraft ei stifting for nytenking
Fillip Rygg som er leiar for Skaparkraft var gjest i Hans Nilsen Hauge-seminaret denne hasusten. Han stankar for korleis ein skal prøve å utvikle kreativitet hos dei unge var temaet. Lytt på BrVest torsdag og freddag

Halgrim Berg og Ulstein Gospelkor i Fosnavåg
For 8 år på rad arrangerte den lokale Haugekomiter seminar. Temaet har i alle år vore næring og samfunn i Hauge si ånd. Tidlegare stortingsmann Hallgrim Berg var i år hovudtalar. Talen hans kan du høyre på fredag. Sjå sendeplan på «bygderadiovest.no» eller i lokalavis.

Laurdagskveldsending på 1990-talet
Direktesende kveldssendingar har vore kjennemerke til mange lokalradioar. Då Radio Herøy starta i 1990 vart det omgåande sett igang kveldssendingar . Mange av dei som var med i starten har anten falle frå, slutta eller flytta ut. I skulane sin haustferie kom NRK arbeidaren Otto Voldsund heim til Herøy, og då samla vi ein del av den «gamle garden» til ein prat i studio. Kva hugsa dei og korleis vart det arbeidd med desse kveldssendingane? Slå på BrVest på fredag

Drosjekøyring før og no
I kveldssendinga i BrVest denne fredagen får vi besøk av velrøynde drosjesjåførar som kan fortelj litt av kvart om utviklinga i denne svært viktig næringa. Dette er sjåførar frå Herøy, men vi vil gjerne ha telefonar frå andre stadar på Søre som gjerne har minne frå drosjeturar. Slå på BrVest kl 22.

Møteplassen med Jakob Strand
Johan fekk i 1993 besøk av Strand i studio. Den aktive kvalfangaren, fiskaren, og politikaren stod på 1990-tale i spissen for oppstarting av Sunnmørslista til fylkestinget. Han stod også i spissen for den upolitiske lista frå Gjerdsvika og Haugsbygda. Johan Moltu stilte mange spørsmål til den flinke politikaren, om miljøvern, fiskeripolitikk men også om strid mellom Herøy og Sande. Slå på tysdag kveld og onsdag på dagtid.

Orgelkonsert i Herøy kyrkje med Dag Johan Flattun
I samband med Lutherjubileet inviterte kantor Dag Johan Flattun til orgelkonsert. Han hadde leita fram orgelmusikk som vart skrive over tema frå Luthersalmar. Komosisjonane var av J.S Barch, Didrich Buxtehude og Max Reger. Opptak frå konserten kan du høyre på BrVest onsdag og torsdag. Sjå tidspunkt i di lokalavis eller på «bygderadiovest.no»

12-24 okt 2017
Koret i havgapet
Runde blandakor er vel eit av dei eldste kora på Ytre Søre. Dei held framleis koken og under son dirigent Kaja Runde held dei stadige korkveldar til inntekt for drifta av bedehuset

Inntrykk frå Tanzania
Kateket Karl Ander Brendmo i Herøy kyrkje og forstandar Erhard Hermansen i Herøy frikyrkje vart plukka ut til å sjå på prosjektlandet for Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon 2018. Dei fortel litt om det dei opplevde på turen

Møteplassen med Rolf Arne Nilsen.
Kvar tysdag 24. okt kl 20 er Johan Moltu på Plass med ein gjest i Lokalradioen. Denne gongen er det Nilsen som er gjest.

Portrett av Per Sævik
Sævik er nok for dei fleste kjent som supply eigaren og den tøffe opkjøparen av Fjord 1. For andre er han meir kjend som mannen bak Haugeseminara i Herøy. Men innan kristenlivet er det nok mange som kjenner han som emissæren. Denne sida vert du kjend med gjennom programmet som «RadioGnisten» i Bergen laga med han under Gidion sitt landsmøte i Fosnavåg i juni. Lytt på BrVest torsdag og fredag, med reprise i neste veke.

Runde fyr 250 år “de søfarende til Hielp og Tieneste”
Harald Jarl Runde har på eige initiativ skrive om  Runde fyr si historie og om havområdet på vestkysten. Denne boka vart presentert tidleg i september, for å markere at det første fyret på Runde vart starta for 250 år sidan. BrVest  har redigert presentasjonen og sender den på fredag

Ein glad gut med HIV
Odd Kåre Rabben var den første som offentleg stod fram og sa eg er HIV-smitta, her på Søre. Første programmet vi laga med Odd Kåre vart gjort i opptak i 1991. Jostein Mulelid var den som den gongen samtala med Odd Kåre. Dette programmet har vi ikkje sendt sidan 1990-talet. Du kan høyre programmet på fredag.

Per Sandanger – Minne og refleksjonar.
Lokalhistorikaren og språksamlaren frå Larsnes, laga i 1994 ein serie på 4 program ,i den gong RadioVest, over temaet «Minne og refleksjonar» Der tok han føre seg minne og hendingar på Søre Sunnmøre.
Per er ikkje lenger mellom oss men tankane er kanskje endå meir aktuelle i dag. Programma vert sendt på fredagar, sjå programplan i avisa di eller på nett.

5. og 6.  okt
Konsert med Sveinung Hølmebakk

ein av «Nordic Tenors», heldt konsert i Herøy frikyrkje sist helg. Hølmebakk, frå Åkra på Karmøy, er ein songar med stort toneomfang. Han har gitt ut mange eigne CD-plater, for det meste med kristne songar. Mange av songane har han laga sjølv. BrVest spurde om løyve til å sende ein heil konsert, og svaret var uventa og uvanleg: «bruk det du vil og når du vil». Alt torsdag og fredag kan du høyre han synge med lun humor mellom songane.

Lenonard Gudmundsen
Påska 1990 var Gudmundsen talar på påskemøte på Berge. Gudmundsen har skrive ei mengd songar, oftast med eigene melodiar.. Vi fekk Gudmundsen opp i det då nyinnreidde Studio Fosnavåg og fekk vite litt om hans liv og gjerning. I juli, same året, døde Gudmundsen, sjå programplan på fredag.

Fredagskveld med Mads og Gerhard Ryste.
Slå på BrVest fredag kl 22, for lett og ledig kveldsmoro.

10. okt
Møteplassen med Arnulf Goksøyr

Som vel dei fleste har fått med seg er ordførar Arnulf Goksøyr sjuk. Våren 2016 fekk Johan Moltu han med seg til Møtetplassen. Vi sender dette programmet i reprise på tysdag.

Syng med oss på Runde- Ørsta frikyrkjekor
Ein til to gongar i året arrangerer Runde Blandakor open songkveld på Runde bedehus, med eit invitert kor. I april 2016 var det Ørsta frikyrkjekor med brørne Knut og Nils Ose som var gjestar.  (Knut Ose døde i vår) Programmet vert sendt fredag  8. og tysdag 12.

Møteplassen m. Per Jan Vike
Ein av dei trufast frivillig i Herøy, korpsentusiast, skulekorpsaktivist, snikkar og sjømann har hatt ei svært innhalsrikt liv, og opplev kriser som få andre. Slå på Møteplassen tysdag og onsdag 12. og 13.

Ein Lærar takkar av-
Kulturarbeidar og idealist, lærar og rektor Arnljot Grimstad slutta i skulen  i 1996, kven skulle tru det?? I BygderadioVest sitt arkiv fann vi intervjuet  med Arnljot. Det vert sendt på torsdag 7. og fredag 8.  på dagtid.

Sommarlandet av Eyvind Skeie i Herøy Kyrkje.
I 2003 var denne kjende musikalen framført i Herøy kyrkje med dirigent Terje Tjervåg. Der deltok Jens Terje Jensen som resitatør, Herøy kyrkje sitt barnekor, Herøy kyrkjekor og innleigde musikarar. Slå på BrVest på fredag.

Syng med oss på Runde- Ørsta frikyrkjekor
Ein til to gongar i året arrangerer Runde Blandakor open songkveld på Runde bedehus, med eit invitert kor. I april 2016 var det Ørsta frikyrkjekor med brørne Knut og Nils Ose som var gjestar.  (Knut Ose døde i vår) Programmet vert sendt fredag  8. og tysdag 12.

Møteplassen m. Per Jan Vike
Ein av dei trufast frivillig i Herøy, korpsentusiast, skulekorpsaktivist, snikkar og sjømann har hatt ei svært innhalsrikt liv, og opplev kriser som få andre. Slå på Møteplassen tysdag og onsdag 12. og 13.

Ein gong ei ishavsbygd
I samband med boka og flyttinga av Tjørvåg skule sitt ishavsmuseum til Herøy gard laga NRK eit skuleprogram om Ishavsmiljøet i Tjørvår. Jarl Grimstad og Ricard Berg var sentrale i dette museumsprosjektet og fortalde til NRK. Når programmet var sendt veit vi ikkje, vi fann det på ein kassett. Slå på BrVest fredag 1. sept.

Sunnmørsbadet i medvind
Rett før sommarferien hadde Olav Kvalsvik ein prat med Karl Petter Sortehaug, eller meir kjed som «Badekalle». Då fekk vi vite litt om utviklinga til dette badeanlegget, som var spådd eit kort liv, men som likevel lever i beste velgåande.

Herøy sogelag 60 år (1998)
Dette opptaket, frå Herøy sogelag sitt årsmøte våren 1998, har ikkje før vorte sendt. Her fortel Albert Håberg om korleis sogelaget vart starte og dei første driftsåra. Til bakgrunn hadde han studert styreprotokollane. På dette årsmøtet vart også Bjarne Rabben, som den første utnemnd til æresmedlem. Slå på BrVest fredag 1. sept.

Lyrikk og musikk av og med Marie Louise Widnes Johansen
Vi besøkte Marie Louise i heimen hennar på Hareid og ho til å lese frå si store diktsamling som vart gitt ut sist haust.

Gerhard Skorpen – beskjeden og modig motstandsmann
Gerhard (døde i 2009) snakka sjeldan eller aldri om det som skjedde på Skorpa i dei vanskelege åra. Johan Moltu klarde til slutt å få han med seg opp i radiostudio. Der fortalde han om livet på Skorpa der heile familien var i livsfare og om flukta til England. Denne forteljinga viser litt om kva somme familier torde, for å hjelpe andre. Slå på BrVest tysdag 5. sept og onsdag.

Møteplassen med Harald Kopperstad. Den gamle fiskaren fekk Johan Moltu med seg i studio hausten 1993. Harald døde 4 år seinare. Programmet vert sendt i preprise på tysdag kveld og onsdag på dagtid.

Ulsteinkonsernet jubilerer. Laurdag 26. vert dei første 100 år markert med brask og bram. For 20 år sidan møtte vi Idar Ulstein i samband med markeringa av Ulsteinkonsernet sine første 80 år. Høyr kva han då meinte om dei første 80 åra. Slå på BrVest fredag 25.

I 2003 fekk vår faste kåsør, og skribent i lokalavisa,  kongens medalje. Kåre K. er i tillegg til dette ein kulturperson av skjelden format som har trengt ned i gamle rettsdokument for å gi liv til farne tider.  Ole A. Bø laga i 2003 ei program med Kvalsvik.
Dette programmet går i reprise tysdag kveld og onsdag på dagtid.

Volda i gamle dagar
I 1998 Laga vi eit intervju med den då kjende målaren og voldingen Hans O Driveklepp. Han fortalde litt om livet på Driveklepp i Vikebygda og om livet som ungdom og arbeidsmann i dei harde 20 og 30 åra.
Programmet er delt i to  og vert sendt på torsdagar og fredagar no i slutten av juni.

Folkemusikkmakaren Dagfinn Nupen
Dagfinn Nupen, frå Ørsta, har ei unik samling av folkemusikkinstrument som han spelar på. Mange av instrumenta har han sjølv laga. I Herøyspelet sine første år var Nupen ein fast deltakar og hadde då med seg sine instrument. I ein pause mellom øvingane fekk han med ned i fjøra for å få vite litt meir om denne interessa hans.
Høyr han på BrVest fredag

14. – 16. juni
Gloria av Vivaldi i Sande kyrkje
Dette korverket vart sist laurdag framført i Sande kyrkje. Sande Kantori saman med Herøy og Ålesund Kyrkjekor frmførte verket i samarbeid med Ålesund strykekvartett. Solistar var sopransolistane Maria Steinsvik frå Herøy og  Beate Mordal frå Molde. Vil du høyre opptak frå denne konserten slår du på BygderadioVest onsdag eller torsdag.

Nobelprisvinnar Edvard Moser på Ulstein vidaregåande skule

Rett før jul i 2015 fann Edvard moser tid til å besøke sin gamle skule. BygderadioVest vart der, men opptak frå dette besøket har ikkje vorte sendt. Vi har redigert delar av talar og helsingar både frå Aulaen og frå markeringa på lærarrommet, slår du på BrVest på torsdag kveld eller fredag på dagtid kan du få høyre kva som der vart sagt.

——————————————————-
Tursime på Ytre Søre???
kveldsending 26. mai
Turismen på Ytre Søre har i lengre tid vore  nokre få tiltak som har fått lite omtale. Siste året har turismen auka og nye tilbod har vakse fram. Største overraskinga har nok FosnavågHotell vore for mange. Men her er dei som ikkje får så store oppslag. Denne fredagskvelden vil vi få besøk i studio av turistvertar som ser lyst på livet. Vi vil få telefonkontakt med fleire på Ytre Søre som ser ein ny vår i turisme og fritidsaktivitetar for fastbuande og tilreisande.
Har du som lyttar tankar og meiningar så er telefonlinjene opne denne kvelden.

Jakob Sande ein forundeleg diktar

Sigmund Aksnes har lese inn ein del dikt av Sande, i serien Lyrikk og musikk. Presten Svein Kvamsdalen  er ein annan som har funne mykje å tenkje på i Sande sine dikt og songar. Fredag 26. og i neste veke vil du høyre desse i BrVest sine program  Lyrikk og musikk

Magda Sævik`s stifting er 20 år
I samband med at Styreleiar Kjell Furnes ville ha avløysing kalla stitsstyret inn til presseorientering. Vi i BrVest ville gjerne vite litt meir om fondet og bede om innsyn. Vi vil tysdag onsdag og torsdag , orientere meir om korleis avkastninga  på vel 13. mill kroner er fordelt.

Einar O. Kvalsvik fortel
Oddmund Kvalsvik fekk med seg opptaksutstyr då han besøkte sin aldrande onkel i 2007. Dette opptake har BrVest no redigert i to delar, og vil send i serien Folk Fortel

Nasjonalmusikk i 200 år
Arnljot Grimstad leitte i 2014 fram nasjonalmusikk frå dei 200 åra for Grunnlova, og sette saman til ei kavalkade. I dette programmet får du høyre ulike type songar med kommentarar av Arnljot. Programmet er sett opp til sending 16.,17. og 18 mai.

Solveig Kopperstad Bratseth
var samtalegjest i Herøy kyrkje hausten 2016. Samtalen ho då hadde med Martin Endresen har vi «klipt ut» for sending 18. og 19. mai

Ishavsblod
Den nye dokumentarfilmen frå selfagst vart vist over heile landet i mars. I samband med lanseringa i Fosnavåg Kino hadde Arnfinn Karlsen, Polargodt, og Ishavsgaleriet i Tjørvåg laga ei flott markering. Slår du på BrVest fredag 19. mai vil du høyre opptak frå denne markeringa

Fredagskveld med Bjørn og Magne Johnny
Fredag 19. mai er det denne duoen som har leitt fram musikk og historier for dei som vil slå på radioen frå kl 22 til vel midnatt.

Ishavskatastrofa i 1952
Johan Moltu laga eit program om denne katastrofen, der han snakka med folk som var berørt av denne katastrofen. Dette programmet vert sendt i Møteplasse onsdag 23 og torsdag på dagtid.

Tysdag 11. april og onsdag 12. april
Gunnar Sævik i BygderadioVest
Tysdag kveld og onsdag på dagtid kan du høyre Gunnar Sævik som gjest i Møteplassen. Gunnar Sævik har hatt Skipsrekneskap som arbeidsplass sidan 1966 og er fortsatt aktiv. Betre enn nokon annen kjenner han utviklinga av fiskeflåten i Herøy, frå dei rike sildeåra på 50-talet og fram til idag.
I samtale med Johan Moltu gir han eit tilbakeblikk, og og kan samanlikne utviklinga i Herøy med andre område som til dømes Måløy.

Fredag 14. april Kvelddending
Kveldsendingpå langfredag har vi ikkje hatt men i 2011 laga vi ei sneding fredag før palmesøndag der vi snakka om fisketilverkeing og påskefeiring i andre land . Denne legg vi ut som reprise utan folk i studio

Tysdag 18. april
Visekveld med Herøy mannskor
Vi sender tysdag kveld første del av Mannskoret sin  visekveld i Fosnavåg konsertsal 23. mars den vil goså gå i repriseonsdag på dagtid. 2. del av konserten vert sendt i veke 17.

Irene Krokeide Alnes som samtalegjest i Herøy kyrkje
Opptak frå denne kveldsmessa sender vi tysdag kveld og onsdag på dagtid, i tidene til Møteplassen.

Veke 11
Møteplassen med Emilie Hansen
Før jul stod 17 år gamle Emilie i spissen for eit fakkel-tog for dei mindreårige flyktningane  i Herøy. Med sitt brennande engasjement ville dei sette fokus på  utfordringane til desse unge gutane som  dei hadde fått kontakt med. Asylmottaket Urheim, for mindreårige,  i Fosnavåg vart etablert våren 2016.
I desember var Emilie på besøk i Møteplassen hos Johan Moltu, i BygderadioVest, der ho fekk fortelje litt om si erfaring  etter mange besøk og samtalar med flyktningane. Slå på BrVest tysdag kveld og onsdag på dagtid.

Harald P. Sunes
var ein skatta forteljar, med ei rik livserfaring. I 1996 var han gjest på « Y`s men klubb» på Kjeldsund. Der var RadioVest til stade og gjorde opptak. Dette kan du høyre i seien «Folk fortel» på torsdag kveld og fredag på dagtid.

Fiskeria i “gamle dagar”
Hans P. Leine vart i 1962 intervjua av Halvard Leinebø. Begge desse karane er borte no men BrVest har fått hand om bandet og redigert ut eit par bitar som er historisk interessante. Slå på BrVest på fredag.

————————————————-
veke 10
Møteplassen med Svein Gjelseth

I 2015 fekk Johan Moltu besøk av aktiv politikar, tidlegare stortingsrepresentant og no  forkjemar for Stad Sipstunnel. Vi sender denne samtalen frå 2015 i reprise på  tysdag kveld og onsdag på dagtid..
Stad Skipstunnell vert bygd!!!
Sist torsdag vart ei jubeldag, for dei som kjempar for Skipstunnelen. På fredag ettermiddag fekk BygderadioVest besøk av Jan Helgøy og Svein Gjelseth i studio. Sidan dette innslaget ikkje var planlagt og annosert sender vi det i reprise på tysdag og torsdag.
Rune Sjurgard møter Herøy kyrkjelyd.
Som tidlegare rådmann i Herøy var det mange som ville møte og høyre kva han hadde slag tankar om Herøy, no når han har fått rotfeste i Volda. Høyr opptak frå kveldsmessa i Herøy kyrkje, på torsdag og fredag.
Odin var ingen Gud ! (del 2 av 3)
Dette hevda Thor Heyredal som i fleire år forska på dei norøne reisene langs dei store elvane ned til Svartehavet. I samband med tusenårsmarkeringa på Herøy Amfi vart han utfordra til å fortelje om sine funn. Vi har delt opp denne samtalen med Heyerdal i tre delar og sender dei på fredagar. Sjå programplan
Fredagskveldsendinga kl 22 og laurdag kl 11  Olav, Paul og Magne
Tjørvågane før i tida
Det har blitt meir og meir vanleg å leite etter sine forfedre. Bygda Tjørvåg i Herøy har sitt namn frå gardane inst i bygda. Garden hadde store vidder ned mot sjøen, og i vika nedanfor garden var der ei sandfjøre på 100 mål (ved fjøre sjø). Der kunne alle som ynskte det spade makk og skjel, og hente sand til gravplassen på Herøyberga.
Fredagskvelden får BygderadioVest besøk av Arnfinn Karlsen og Svein Selvåg. Vi vi snakke om livet i Tjørvågane før i tida. Har du som lyttar episodar, historier eller helsingar så er telefonane opne. Send gjerne helsingar på helsing@bygderadiovest.no.
————————————————————–
veke 9
Møteplassen med Per Jan Vike

I samtale med Johan Moltu, i BygderadioVest, kjem Per Jan inn på sitt yrke som snikkar og si glede av korpsarbeid.
Han var i 2007 mannskap på Bourbon Dolphin då den forliste 12.april . Han vil fortelje korleis han opplevde den dramatiske ulukka, då ankerhandteringsfartøyet velta og sakk.
Kvinne i krig og fredag
Sist veke, på torsdag og fredag, sende BygderadioVest første delen av eit intervju vi hadde med 98 år gamle Lydia Remø i 2011. Kva ho opplevde i England under krigen og arbeid i Oslo etter krigen får du høyre i program nr to.
Odin var ingen Gud !
Dette hevda ThorHeyredal som i fleire år forska på dei norøne reisene langs dei store elvane ned til Svartehavet. I samband med tusenårsmarkeringa på Herøy Amfi vart han utfordra til å fortelje om sine funn. Vi har delt opp denne samtalen med Heyerdal i tre delar og sender dei på fredagar. Sjå programplan
—————————————————
Veke 8
Kåre Teige fiskeskippre og krigsIos
I 1996 fekk Johan Moltu møte Kåre Teige og fekk vite litt om hans erfaringar gjennom livet, særleg som fiskeskipper. Vi sender dette i reprise på tysdag og onsdag.
Lydia Remø – barn- og ungdom
Før jul i 2011 besøkte vi Lydia i aldersbustaden hennar i Asker. Lydia hadde minne som få, og kunne fortelje om barndom og oppvekst på Remøya i mellomkrigstida. Vi laga to program etter dette besøket , som du kan høyre  i “Folk fortel”
———————————————-
Veke 7
Magne Sævik i Møteplassen
Tysdag kveld og onsdag på dagtid i programmet Møteplassen får Johan Moltu besøk av den tidlegare notbasen og seinare medeigar i fleire ringnotbåtar.
I samtalen vil han ha synspunkt på kva krisa i oljesektoren vil ha å seie for Nordvestlandet. Han vil forklare oss om utviklinga i notfisket, frå då han begynte i 1953 og fram til idag.
I 1974 forliste Tromsøskuta «Lance» på Finnmark-kysten og «Artus» prøvde å berge mannskap, som klamra seg til vraket, men lukkast ikkje Alle på «Lance» omkom og Magne vil fortelje om det han såg!
Industrigründeren frå Gjerdsvika
Johan Rise vart fødd og trakka sine barneskor i Gjerdsvika, likevel er det få som kjenner til denne industrimannen.
Før jul i 1996 kom vi over ei bok om kontormøbelfabrikken Hov-Dokka, og såg der at grunnleggaren var ekte sunnmøring. Vi ringde Rise og fekk ein samtale om livsløpet hans frå Gjerdsvika til Eidsvold
————————————————-
Veke 4
Bygderadio Vest – åleine på FM-nettet på Søre Sunnmøre
Fredagskveldsendinga 10 februar vert ei historisk markaring. Då kan du sveipe over FM-nettet og radioen din vil kun stoppe på BrVest sine sendarar. Vil vi markere denne hendinga og snakke litt om framtida for lokalradioen. Vil de som lyttarar ha eit alternativ til NRK sin 13 kanalar og dei 10 frå kommersielle radioar?. Du vert oppfordra til å ringe inn og sei di meining.
Arisan 25 år etter
I andre delen av sendinga denne fredagen vil forliset av Arisan bli tema. Vi vil då sende små klipp frå vårt lager av nyhendeinnslag frå januardagane 1992. I studio og på telefon får vi besøk av personar som var sentrale i aksjonane, både på redning og opprydding.