Langs ferdavegen – eit møte med Lars Almklov

Lars Almklov er ein kjend og kjær diktar for folk i Vanylven, og ein mykje nytta opplesar i lyd og lag. Men han er kanskje ikkje så kjend for folk utanom desse bygdene, sjølv om vi vil tru mange ville finne glede i å bli kjent med dikta hans. I følgje han sjølv er det hovudsakleg tre område han har skrive om: Naturen, slitarane som gjekk føre og den kristne trua.
I programmet «Langs ferdavegen» – som også er tittelen på den første av Lars sine tre diktsamlingar – vil vi få møte både diktaren og nokre av dikta hans. I samtale med Vidar Parr fortel Lars enkelt, men gripande om både liv og dikting, og vi vil få framført dikt i både lesen og tonesett form.
Vert sendt fleire gongar 7.april. Sjå programplan