På kystcruise med Havila Capell

I månadsskiftet mai-juni var eg og kona på ein rundtur Torvika -Kirkenes t/r med Capella.
På turen hadde eg med opptaksutstyr og snakka med ulike personar, både mannskap og medpassasjerar. Vi opplevde mellom anna 17.mai-feiring i Finnsnes og traff herøyværing som har budd i Finnmark i meir enn 60år.
Eg har prøvd å vise kva ein kan oppleve på ein slik rundtur, og korleis vi opplevde å vere passasjer med Havila Kystruten.
Eg har tidlegare vore med Hurtigruten nordover og med fly tilbake frå Kirkenes, men ein rundtur gav verkeleg meirsmak.
Programma som er på 40-50 minutt med musikk og samtalar vert sett opp på torsdagar frå 28. seprtember og i veken etter, med reprise på fredag. Sjå programplan
PaS