Nye program 2023

 

På den fine stranda- Korsang
Dalsfjord mannskor og Free Halleluja Band, med deltakarar frå vestsida av Dalsfjorden, har denne vinteren øvd inn eit program med Bluegrass og Negrospiritual. Songane set ord på sorg og lengt, slik negerslavane lengta til himmelen «To that beautifull shore». Dirigent Magne Drabløs bitt saman med å informasjonar om innhald i songen. På slutten av konserten fortalde han om eigne minne frå bardomen og hans tankar om himmelen, som han i barndomen meinte låg øvst oppe i Dalen.
Den flotte kor-konserten, med fengande musikk, fekk vi i BygderadioVest lov til å ta opp. 30. mars sender vi denne konserten, som også vil gå i reprise fleire gongar i påska. Sjå programplan i lokalavisene og www.bygderadiovest.no

Sigvald Eggesbø: Om losjiarbeid, skule og fiskeri
Sigvald Eggesbø (94 år) fortel, i opptak frå 1992, om sin oppvekst på Eggesbøneset, om skulegang, kyrkjebesøk saman med foreldra til Herøy med robåt.Han fortel også om si tid som ung fiskar, då segl var den viktigaste framdriftsmotoren i båtane. Seinare vart Sigvald handelsmann, meir som eit uhell, som han fortel i samtalen.
Sigvald døde berre 2 år etter denne samtalen. Sjå programplan i lokalavisene

Før siste ferga går(frå Eiksund)
På Åsentune, i Hovdebyga, vart det arrangert ei flott kultursamling, i februar 2008, for å markere at Eiksundtunnelen skulle opnast veka etter. Dette programmet var på over ein klokketime. BygderadioVest har delt dette i to. «Før siste ferga går» 1 og 2
Første programmet går 31. mars med reprise på søndag kveld.