Nytt fredagskveldlag på BygderadioVest


Nytt fredagskveldlag på BygderadioVest
Den første fredagen i desember vil Øyvind Hov og Åge Grimstad stå for kveldssendinga på Bygderadioen Vest, frå kl 22-rundt midnatt

Dei kallar seg “Frå Ø til Å”, og vil ta for seg skjemt, alvor og musikk for forskjellige årstal. Denne gongen året 1991. Det året flytta Øyvind frå Løkta på Helgelandskysten til Sunnmøre. Åge Grimstad er innbarka Ulsteinvikar med mange gode minner frå 1991, då han blant anna var disc-jockey for dei populære søndagsklubbane på Ulstein hotell. Dette blir ein kjekke kveld med sunnmørsk og nordnorsk skråblikk på året då Gitarkameratene herja hitlistene med “Gammal Amazon”, Cher var på alle lepper med “The Shoop shoop song”, Boris blir første valgte president i Russland, ismannen Ötzi vart funnen og naboklubbene Hareid-Hødd møttest i 1. runde av cupen.
Resultatet får dokke vite om dokke slår på radioen førstkomande fredag den 2. desember.
PaS