Problem med FM 106,7 i Vanylven- Sør

Problema på Stad er løyste
Ny antenne på plass

Fleire har ringt oss, og vil vite om vi gjer noko med problemet. Vi takkar  også for negative tilbakemeldingar. Fleire forstår vi har funne oss på internettradio: “www.bygderadiovest.no” Mange manglar slikt utstyr, men vi har ikkje gitt opp FM-nettet i Sør
Etter ei periode med ustabil sending i 2021 har det frå ein gong i november vore heilt stilt. Vi var på plassen og skifta utstyr seint i november, men etter kort tid var problemet det same. Så kom det snø og jula.
Vi er for få, som på dugnad, gjer slikt arbeid. I nær framtid vil vi ta ein ny tur og prøve å skifte antenneutstyret.
Vi har ikkje gitt opp Vanylvsbygdene
PaS