Views: 167
Kategoriarkiv: Nyhende
Duoen frå Ø til Å er tilbake fredag 3. mars
Har du nokon gong høyrt på «Frå Ø til Å» på Bygderadioen? Viss ikkje har du gått glipp av noko! Dette radioprogrammet er ei herleg blanding av morsomme historier, flotte gjester og fantastisk musikk frå eit valgt årstal.
Programleiarane, Øyvind Hov og Åge Grimstad, er av dei artigaste du vil finne på eteren. Dei har ei unik evne til å få folk til å flire og le, med sine vittigheiter og humoristiske kommentarar. Du vil garantert kjenne deg i godt humør etter å ha høyrt dei.
Gjestane som dukkar opp på programmet er også interessante og underhaldande. Du kan forvente å høyre frå lokale kunstnarar, idrettsstjerner, forfattarar og til og med nokre kjendisar som har tilbrakt litt tid på Søre Sunnmøre.
Du kan gle deg over god musikk og høyre deg sjølv nynne med på songane
Slå på radioen fredag 3. mars klokka 22.00.
Views: 226
GODT NYTT BINGOÅR
Måndag 2. januar vert det radiobingo – Tradisjonen tru
Ein av våre spelarar, i Ytre Herøy, fekk seg ei ekstra julegåve: på 35.000 kr
Ho vann superpotten på siste trekninga i 2022 GRATULERER
Views: 260
NYTT LYKKETAL
Views: 92
Nytt fredagskveldlag på BygderadioVest
Nytt fredagskveldlag på BygderadioVest
Den første fredagen i desember vil Øyvind Hov og Åge Grimstad stå for kveldssendinga på Bygderadioen Vest, frå kl 22-rundt midnatt
Dei kallar seg “Frå Ø til Å”, og vil ta for seg skjemt, alvor og musikk for forskjellige årstal. Denne gongen året 1991. Det året flytta Øyvind frå Løkta på Helgelandskysten til Sunnmøre. Åge Grimstad er innbarka Ulsteinvikar med mange gode minner frå 1991, då han blant anna var disc-jockey for dei populære søndagsklubbane på Ulstein hotell. Dette blir ein kjekke kveld med sunnmørsk og nordnorsk skråblikk på året då Gitarkameratene herja hitlistene med “Gammal Amazon”, Cher var på alle lepper med “The Shoop shoop song”, Boris blir første valgte president i Russland, ismannen Ötzi vart funnen og naboklubbene Hareid-Hødd møttest i 1. runde av cupen.
Resultatet får dokke vite om dokke slår på radioen førstkomande fredag den 2. desember.
PaS
Views: 306
DRIVKRAFT
Bygderadio Vest med ny programpost:
Views: 759
Problem med FM 106,7 i Vanylven- Sør
Problema på Stad er løyste
Ny antenne på plass
Fleire har ringt oss, og vil vite om vi gjer noko med problemet. Vi takkar også for negative tilbakemeldingar. Fleire forstår vi har funne oss på internettradio: “www.bygderadiovest.no” Mange manglar slikt utstyr, men vi har ikkje gitt opp FM-nettet i Sør
Etter ei periode med ustabil sending i 2021 har det frå ein gong i november vore heilt stilt. Vi var på plassen og skifta utstyr seint i november, men etter kort tid var problemet det same. Så kom det snø og jula.
Vi er for få, som på dugnad, gjer slikt arbeid. I nær framtid vil vi ta ein ny tur og prøve å skifte antenneutstyret.
Vi har ikkje gitt opp Vanylvsbygdene
PaS
Views: 449
Gospelkonsert i Dalsfjord kyrkje med The good old Boys
The good old Boys, med Arne Saltnes i spissen, hadde 25.september konsert i Dalsfjord.
BrVest har fått oversendt eit opptak frå konserten som vi med glede sender vidare.
Vi treng fleire reportsjar frå bygdene, med få i staben er det vanskeleg å vere over alt.
Konserten kan du høyre på tysdag 16.nov kl 18 og torsdag 18 kl 19
PaS
Views: 393
Kvardagskvinner: Gunnveig Sollid i samtale med Anne Lise Fredaly
Anne Lise Fredly har får med seg Gudveig Sollid i studio. Dei vil samtale om kvardagskvinner og kvinner sitt liv og arbeid.
Programmet går på direkte onsdag kveld kl 19, etterfylt av Bjørn Holsvik sitt musikkprogram
Views: 407
Gründarane på Folkestad- Ein gong ei Industribygd av Martin Brænne
Folk er veldig godt kjend med at Folkestad og Dalsfjorden var bustad for mange av dei store fyrbyggarane, men korleis Folkestad vart industribygd med både møbel- og brusfabrikk er det vel færre som veit.
Martin Brænne – «bruskongen» heldt i september ein historietime på Gideon sin samling på Kalvatn.
I dette programmet fortel han om korleis gründerånda på Folkestad førte til mange arbeidsplassar og Brenne brusfabrikk, som seinare enda opp i Furene i Volda.
Vert sendt 19. og 19. november.
Views: 404