Featured post

Hurra – FM er oppe og går.


Sendaren på Nerlandshornet er oppe å går igjenn.

Full dekning på FM over heile sendarnettet vårt.

Lynnedslaget på Nerlandshorn har skapt nye vanskar.
Onsdag gjekk teknikkarar frå Trondheim opp på fjellet. Då var delar av stasjonen var utan straum. Dei skifta lynvenet og kunne kople inn straumen.
Sendaren FM 105,8 fekk nytt liv og fungerte heile dagen. På ettermiddag skulle teknikkarane restarte alt utsyret og måtte ta straumen nokre minutt.
Etter denne starten ville ikkje Bygderadioen sin mottakar starte opp att, sikkert grunna skade av lynet.
Ny mottakar må på plass når denne kan skaffast. FM-nettet vil vere ute av drift  inn til vidare.

BygderadioVest sine sendingar finn du på Internett,www.bygderadiovest.no – http://radio.bygderadiovest.no:8000/radio)
eller på DAB– søkje opp  Hi Volda – Høgskulen i Volda.

Gullbingoen månadag 16.des. vil gå som annonsert.

Førjulskveld på Lokalradioen

Frå tysdag 17. til og med “Vesle julafta” sender BrVest kvar kveld,  frå kl 23 og til ca 00.30, direkte frå studio.
Julemusikk, konkurransar, helsingar og telefonsamtalar frå fjern og nær er innhaldet,
slå på og ver med.
Deltakarar i føste sendinga frå Fosnavåg den 17.12:
Magne – Paul – Olav i tillegg har vi forsterka med:
Astrid Ullahamar – Johan Moltu – Kaia Runde

Lynskade på Nerlandshorn FM105,8

BygderadoVest sine sendarar i Ytre  er ute av drift,

etter eit torever som gjekk over Herøy måndag morgon. Før nokon kjem seg opp på Nerlandshoret, for å avklare feilen, vert det stilt på FM-netter .
Hovudsendaren på Nerlandshornet FM105,8 leverer signal til alle andre våre omformarar.
 Fosanvåg FM104 , Volda 105,5 og Leknes FM 106,5 fungerer normalt.
Sendingane går som før på: Internett, www.bygderadiovest.nohttp://radio.bygderadiovest.no:8000/radio
eller på DAB (søkje opp) Hi Volda-  (dei har formiddla våre program sidan oktober.)

VALGSENDINGAR – Kommunevalg 2019

 

Aksjer i BygderadioVest AS

aksjebrevHar du lyst å bli medeigar i Bygderadio Vest AS

Bygderadio Vest AS har nokre aksjar som vi har fått i gave fra tidlegare eigarar og dødsbo.
Desse ønsker vi å selge til nye eigarar.
Du støttar vår drift med å bli aksjeeigar i
Bygderadio Vest AS.

Bankgiro: 3991 05 53023
Aksjane har ikkje kommersiell verdi då Bygderadio Vest AS ikkje er eit skatteplikig selskap.
Aksjar som du eig i Bygderadio Vest AS er såleis ikkje skattepliktig eller oppgaveplikige for gamle eller
nye eigarar. Kjøp her!

FM-konsesjonane forlenga til 31.12.2021

Melding frå Medietilsynet 21. juni

Medietilsynet vil med dette informere om at alle FM-konsesjoner til lokalradiodrift vil bli forlenget med fem år fra og med 1. januar 2017. Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) vil forlenge tilhørende frekvenstillatelser med samme varighet.
I forbindelse med at regjeringen har bestemt at overgangen til digitalradio skal skje i 2017, er det også besluttet at de fleste lokalradioer kan fortsette på FM fram til 31. desember 2021.