Faste Lykketal

Dei Tre faste lykketala som dokke har valgt:
16 – 29 – 30
Vinnarar:
Hjørdis Almelid Vikenes
Else Nordbø Nerland
Elin Benedikte Svendsen
Hilde Katrin Kvalsvik
Mecca Arrieta Cadua
Monica Julianne Holmvik
Kristian Andreas Schjetne
Anette Reite
Monica Skinnes Vik
Sapphire Alana Kopperstad

Vi Har og trekt ut 5 vinnarar som har Likt & Delt:
Kenneth Andreas Normann
Monica Makipera Vike
Ingunn Kalvatn
Hjørdis Almelid Vikenes
Glenn-Erik Klokk

Dei tre faste Lykketala vil opne opp for at Mini Lykkepott kan vinnast på
tredje rekka, på alle dei tre første spela og Full Lykkepott i spel 4.
Dei gamle Lykketala, som vil variere mellom eit og tre Lykketal, og som blir
trekte i kvar bingosending, vil fungere slik som i dag, også med omsyn til
Mini Lykkepott på kr. 5 000
Vinnarsjangsar:
1 Ark på 3. rekke: 3 Faste Lykketal   0 variable Lykketal           Mini Lykkepott
2 Ark på 3. rekke: 3 Faste Lykketal   1 variable Lykketal           Mini Lykkepott
3 Ark på 3. rekke: 3 Faste Lykketal   2 variable Lykketal           Mini Lykkepott
4 Ark på 3. rekke: 3 Faste Lykketal   3 variable Lykketal           Full Lykkepott

Menneske lever ikke av brød alene

Denne setninga er trykt på brødposane til Lom bakeri, som vart starta av Morten Schakenda frå Gjerdsvika. Morten var utdanna kokk og bakar, som i 2004 starta eige bakeri med utsal i Lom. Bakverka hans vart berømt og mange stoppa på Lom for å besøke utsalet. 14 mars døde Morten. I 2013 var Morten samtalegjest i Herøy kyrkje. Då vart han intervjua av Norun Stendal Aksnes, om sitt yrkesval og sjukdomen, som til slutt vart hans bane.
Dette programmet sender vi fredag 25. mars
 BrV PaS

Sigrid Tønnesen og Sindre Løvik med program BrVest


Sigrid Tønnesen og Sindre Løvik har ofte vorte brukte til å underhalde i
ulike samanhengar. Begge to har ei god songstemme, – og dei akkompangnerer seg sjølve på gitar.
No får dei også sitt eige program på Bygderadio Vest.
Fyrste programmet kjem f.k. onsdag 23.mars kl 19.00, Dei vil då synge, spele,
fortelle og lese dikt i studio. Alt vil skje på direkten, og dei vil såleis ikkje bruke ferdig innspelte innslag.
Programmet vil gå som reprise på laurdag.

Problem med FM 106,7 i Vanylven- Sør

Problema på Stad er løyste
Ny antenne på plass

Fleire har ringt oss, og vil vite om vi gjer noko med problemet. Vi takkar  også for negative tilbakemeldingar. Fleire forstår vi har funne oss på internettradio: “www.bygderadiovest.no” Mange manglar slikt utstyr, men vi har ikkje gitt opp FM-nettet i Sør
Etter ei periode med ustabil sending i 2021 har det frå ein gong i november vore heilt stilt. Vi var på plassen og skifta utstyr seint i november, men etter kort tid var problemet det same. Så kom det snø og jula.
Vi er for få, som på dugnad, gjer slikt arbeid. I nær framtid vil vi ta ein ny tur og prøve å skifte antenneutstyret.
Vi har ikkje gitt opp Vanylvsbygdene
PaS

Johan M vil lage nye program i Møteplassen

Nils Terje Kvalsvik er gjest i Bygderadio Vest tysdag 11.jan kl 20 og onsdag på dagtid.
I samtale med Johan Moltu fortel han om oppveksten som adoptivbarn i Kvalsvika, om voksenlivet som stuert og medeigar i skitfisktrålar og brønnbåtar.

Kveldssening på fredag 19 november

Ved ein feil har det kome inn i lokalavisene at Herøyredaksjonen skal ha kvelden.
I kveld kl 22 møter Knut Arne med sitt team. Slå på BrV anten i FM eller internett www.BygderadioVest.no

Gospelkonsert i Dalsfjord kyrkje med The good old Boys

The good old Boys, med Arne Saltnes i spissen, hadde 25.september konsert i Dalsfjord.
BrVest har fått oversendt eit opptak frå konserten som vi med glede sender vidare.
Vi treng fleire reportsjar frå bygdene, med få i staben er det vanskeleg å vere over alt.
Konserten kan du høyre på tysdag 16.nov kl 18 og torsdag 18 kl 19
PaS