Lytt på BrV-FM om Hans Nilsen Hauge -dokumentar

Vinn gratisbilett til  kinodokumentaren  på Fosnavåg kino fredag 15.- laurd. og søndag 17. juli
Lytt på BygderadioVest sine FM-kanalar, der får du med ujamne mellomrom  høyre om denne filmen, og spørsmål om Hans Nilsen Hauge. Rett svar gir vinnarsjanse til fribilett.
Svar slik: Sp1. svar: __ Sp2 svar:__  ditt namn (og gjerne mob.nr) og dag du ønskjer å sjå filmen
eller  Sp 3: svar:___   Sp4 svar: ___   send svar  til <helsing@bygderadiovest.no>

 

Med Havila Castor til Geiranger -på batteridrift

Radioreportasje frå den første turen på Geiranger-fjorden med batteridrift,
utan fossil forureining.

Målet til Havila Kystruten er å lage minst mogeleg forureining i naturen. BygderadioVest vart invitert til å vere med på den aller første turen inn til Geiranger 2. juni.
Vi har laga ein reportasje frå turen. Den vert sendt på våre kanalar, FM og internett;(www.bygderadiovest.no) tysdag 14. kl. 18 og fredag 17. juni kl 15.
Sjå programplan i lokalavisene og vår heimeside
PaS

Faste Lykketal

Dei faste lykketala blir frå 05.09.2022 slik:

Dei tre faste Lykketala vil opne opp for at Mini Lykkepott kan vinnast på
tredje rekka, på alle dei tre første spela og Full Lykkepott i spel 4.
Vinnarsjangsar:
Dei gamle Lykketala, som vil variere mellom eit og tre Lykketal, og som blir
trekte i kvar bingosending, vil fungere slik som i dag, også med omsyn til
Mini Lykkepott på kr. 5 000

Menneske lever ikke av brød alene

Denne setninga er trykt på brødposane til Lom bakeri, som vart starta av Morten Schakenda frå Gjerdsvika. Morten var utdanna kokk og bakar, som i 2004 starta eige bakeri med utsal i Lom. Bakverka hans vart berømt og mange stoppa på Lom for å besøke utsalet. 14 mars døde Morten. I 2013 var Morten samtalegjest i Herøy kyrkje. Då vart han intervjua av Norun Stendal Aksnes, om sitt yrkesval og sjukdomen, som til slutt vart hans bane.
Dette programmet sender vi fredag 25. mars
 BrV PaS

Sigrid Tønnesen og Sindre Løvik med program BrVest


Sigrid Tønnesen og Sindre Løvik har ofte vorte brukte til å underhalde i
ulike samanhengar. Begge to har ei god songstemme, – og dei akkompangnerer seg sjølve på gitar.
No får dei også sitt eige program på Bygderadio Vest.
Fyrste programmet kjem f.k. onsdag 23.mars kl 19.00, Dei vil då synge, spele,
fortelle og lese dikt i studio. Alt vil skje på direkten, og dei vil såleis ikkje bruke ferdig innspelte innslag.
Programmet vil gå som reprise på laurdag.

Problem med FM 106,7 i Vanylven- Sør

Problema på Stad er løyste
Ny antenne på plass

Fleire har ringt oss, og vil vite om vi gjer noko med problemet. Vi takkar  også for negative tilbakemeldingar. Fleire forstår vi har funne oss på internettradio: “www.bygderadiovest.no” Mange manglar slikt utstyr, men vi har ikkje gitt opp FM-nettet i Sør
Etter ei periode med ustabil sending i 2021 har det frå ein gong i november vore heilt stilt. Vi var på plassen og skifta utstyr seint i november, men etter kort tid var problemet det same. Så kom det snø og jula.
Vi er for få, som på dugnad, gjer slikt arbeid. I nær framtid vil vi ta ein ny tur og prøve å skifte antenneutstyret.
Vi har ikkje gitt opp Vanylvsbygdene
PaS

Johan M vil lage nye program i Møteplassen

Nils Terje Kvalsvik er gjest i Bygderadio Vest tysdag 11.jan kl 20 og onsdag på dagtid.
I samtale med Johan Moltu fortel han om oppveksten som adoptivbarn i Kvalsvika, om voksenlivet som stuert og medeigar i skitfisktrålar og brønnbåtar.