Kveldssening på fredag 19 november

Ved ein feil har det kome inn i lokalavisene at Herøyredaksjonen skal ha kvelden.
I kveld kl 22 møter Knut Arne med sitt team. Slå på BrV anten i FM eller internett www.BygderadioVest.no

Gospelkonsert i Dalsfjord kyrkje med The good old Boys

The good old Boys, med Arne Saltnes i spissen, hadde 25.september konsert i Dalsfjord.
BrVest har fått oversendt eit opptak frå konserten som vi med glede sender vidare.
Vi treng fleire reportsjar frå bygdene, med få i staben er det vanskeleg å vere over alt.
Konserten kan du høyre på tysdag 16.nov kl 18 og torsdag 18 kl 19
PaS

Gründarane på Folkestad- Ein gong ei Industribygd av Martin Brænne

Folk er veldig godt kjend med at Folkestad og Dalsfjorden var bustad for mange av dei store fyrbyggarane, men korleis Folkestad vart industribygd med både møbel- og brusfabrikk er det vel færre som veit.
Martin Brænne – «bruskongen» heldt i september ein historietime på Gideon sin samling på Kalvatn.
I dette programmet fortel han om korleis gründerånda på Folkestad førte til mange arbeidsplassar og Brenne
brusfabrikk, som seinare enda opp i Furene i Volda.
Vert sendt 19. og 19. november.

Fakkeltog for forfylgde kristne over heil Noreg- starta i Fosnavåg

Åpne Dører, i samarbeid med Stefanusalliansen, arrangerer fakkelt over heile landet, i solidaritet med forfylgde kristen.
Første markeringa denne hausten vart på Søre 25. oktober. Toget gjekk frå Fosnavåg sentrum til kyrkja.
I kyrkja fortalde Ole Lilleheim frå Åpne Dører sitt arbeid i mange land. Mellom andre om turkmenaren Batyr sitt arbeid. (Han budde tidleg på 2000 i Herøy). Batyr lagakristne radioprogram på turkmensk, i BygderadioVest sitt studio. Programma vart så sene til Midtausten for distribusjon på radio mot Turkmenistan. Lilleheim fortalde også om korleis Batyr har utvikla arbeidet sitt med eigne TV-sendingar. Lilleheim fortel også om arbeidet mellom kristne i andre land.
Vert sendt 18 og 19 november

Gjerdsvika: [verdens vakraste vik]

skriv  gjerdsvikfolket, på si eiga informasjonsside.
Vi i BygderadioVest vil på fredagskvelden 12. nov. prøve å finne ut kvifor gjerdsvikarane er så fornøgde med bygda si. Vi skal snakke med folk som er engasjerte i nærings-aktivitet, bedrifter og frivillig arbeid.
Vi får med oss i studio nokre av dei mange som vi har snakka med siste veka. Alle som vi har  kontakta, både innfødde og til-flyttarar, er samde om at Gjerdsvika er den beste plass å bu.
Men det har ikkje vore lett å overtale folk til å møte i studio, og nokre finn vi på telefon. Kanskje vil du vere med i konkurranse eller spørsmål til programmet. Ring 70088500.’

Svend Trygve Svendsen- «Ein handicapa med pågangsmot»

Svend Tryggve, (tidlegare radioteknikar 1990-talet) kom innom vårt studio, og vi ville vite kor livet har gått dei siste 15-20 åra. Han svarte på våre mange spørmål, også dei meir private og nærgåande, om oppvekst og kjærleik.
Svend hadde sine første leveår i Vanylven, og starta  på Fiskå skule. Der opplevde han både vanskelege og fine år, og gir ros særleg til skulemusikken.
Då familien flytta til Volda vart livet lettare for guten med dei “rare hendene”.

Etter vidaregåande skule og IT utdanning flytta han til Sri Lanka, for å arbeide på New Life sitt bibeltrykkeri. Der vart han verande lengre enn planlagt.
Etter kvart gift han med ei enke og vart  stefar til 2 jenter, og  seinare far til Elisabeth. Vil du vite om korleis han fann kjærleiken.
På FM og Internett «www.bygderdiovest.no» torsdag 11.nov kl 20. og fredag 12. nov. Kl. 08.10 og 13.10